Viltgryte med morkler

Ingredienser

1 stor Lauk
600 gram Reinkjøt
10 stk Einerbær
1 ts Tørka timian
10 gram Tørka morkel
10 gram Tørka kantarell
1 beger Seterrømme
2 stk Gulrot
1 neve Tyttebær


Til 5 svoltne personar.

Framgangsmåte:

Legg den tørka soppen i ein stor kopp eller ein bolle og slå på 4 desiliter vatten. Då trekker soppen til seg vatten og vert mjuk.

Ha einerbæra i ei gryte og la de få varme seg på middels varme. Da vert det mykje meir smak frå dei enn om du berre har dei oppi gryta.

Medan dei klarar seg sjøl, hakker du lauken fint. Ha litt smør i gryta, ha i lauken og la lauk og einerbær får steike i smøret. Når lauken er blank har du i ei skjei tørka timian. Slå i vatnet med soppen og eit beger rømme. Rør lett rundt og la det småkoke.

Del kjøtet i mindre bitar, men ikkje del dei for små, dei vil krympe litt når dei vert varmebehandla. Steik kjøtet i 2 omgangar i ei varm panne med smør. Har du alt i på ein gong vil kjøtet byrje å koke, det vil du ikkje, det er difor du steiker det i to omgangar. Ha kjøtet frå første steiking i gryta, steik resten og la det gå samme vegen.

Slå litt vatten i panna og kok ho ut for å få med deg all smak som sit att i panna og slå avkoket i gryta med resten.

Skrell to små gulrøt og del dei i mindre bitar. Ha dei i gryta med resten. Rett før servering har du i nokre tyttebær.

La gryta få småkoke medan du lagar potetstappe. Regn 3 middels store potet per person, skrell dei og del dei i skiver. Kok dei i vatten utan salt. Når dei er møre knuser du potetene. Ha i ein god klatt smør, bland godt og spe med mjølk. Smak til med salt og kvit peppar.

Server gryta med stappe og gjerne litt rørt tyttebær. Litt persille eller lignande er bra.

Tips:

Du må ikkje ha salt i vatnet eller nytte stavmiksar når du skal lage stappe. Då vert stappa seig og limete. Du kan ha fersk timian i stappa om du har, det sett ein god smak på stappa som høver godt til viltkjøt.

Det er best med skikkeleg kjøt, ikkje skav, til gryter. Skav er ofte seigt kjøt, bruk heller reinsdyrplomme eller ytrefilet. Følg med i «billigkroken» som butikkane ofte har, der legg dei ut kjøt som nærmar seg utløpsdato. Då er det perfekt mørt, og satt ned i pris. Det blir ikkje betre enn det?

Har du ikkje tyttebær går det fint uten. Og vil du nytte fersk sopp går det og bra.