Spinatsuppe med egg og krutongar

Ingredienser

Suppa:
100 gram Lauk
1 stk Kvitlauksfedd
130 gram Fersk spinat
1 stk Grønsakbuljong
2 dl Vatten
2 dl Heilmjølk
Krutongar:
3 stk Loffskivar
1 fedd Kvitlauk
Olje/smør
Salt


Til 2 svoltne personar

Framgangsmåte:

Sett på ein kjel med vatten til egga. Eg reknar 2 egg per person, kor mange du ynskjer er opp til deg. Kok i alle høve egga i 12 minutt, og skrell dei med ein gong dei er kokte.

Hakk lauk og kvitlauk og blank dei i ein kjel med litt god olivenolje. Medan laukane klarar seg sjølv hakkar du spinaten. Gjer du ikkje dette kan spinaten sette seg fast i stavmiksaren. Grovhakkar du spinaten slepp du dette. Mål opp mjølk og vatten.

Når laukane er blanke har du spinaten i kjelen og vender det heile rundt. Ha i mjølk og vatten og ein terning med grønsaksbuljong.Kok opp og la det putre vidare på låg varme medan du lagar krutongar.

Om du vil tek du vekk skorpa på loffskivane, men det er ikkje naudsynt. Skjær dei i fine firkantar på 1×1 cm. Smelt litt smør i ei panne saman med litt god olivenolje. Sleng eit fedd kvitlauk i panna med skalet på. Då får du ein mild kvitlaukssmak som ikkje vert for dominerande.

Når smøret har smelta har du i krutongane. Krydre med litt salt. Vend dei rundt i smøret og olja, og skru varmen ned til under middels. La dei får brune seg forsiktig til dei er sprø og god.

Bruk ein stavmiksar og kjøyr suppa til ho er jamn og fin i konsistensen. Smak til suppa med salt og peppar.

Server suppa i djupe gode tallerkenar med egg og krutongar. Server med ein gong medan krutongane er sprø og god.

Vel bekomme og god haust.

Tips:

Om du vil ha ei magrare suppe kan du nytte skumma mjølk i staden for heilmjølk. Du kan og gjere ho enda sunnare ved å nytte grønnkål i kombinasjon med spinat.

Eg nytta fersk spinat men du kan fint lage denne suppa med spinat frå frysaren.