Skikkeleg lasagne

Ingredienser

400 gram Kjøtdeig
2 store Kvitlauksfedd
150 gram Lauk
100 gram Selleri
400 gram Hermetisk tomat
140 gram Bacon
1 kvist Fersk rosmarin
1 dl Vin
1 dl Vatten
2 ss Tomatpure
10-12 stk Lasagneplater
Litt reven ost
fersk oregano
Salt, peppar og sukker
40 gram Smør
40 gram Mjøl
Reven muskattnøtt
Salt, pepper


Til 6 personar.

Framgangsmåte:

Start med å steike kjøtet i ei god varm panne. Steik det på båe sider før du hakker deigen smått. På denne måten unngår du at kjøtet byrjer å koke. Ha kjøtet i ein god kjele. Ha i hermetisk tomat, tomatpurè, vatten og vin, og sett det på koking.

Steik så finhakka bacon i samme panne du steikte kjøtet i, pass på at det får ei fin bruning. Ha dette i kjelen saman med kjøtet.

Til slutt har du lauk, kvitlauk, selleri og krydderurtar i samme panne, ha i litt nøytral olje om du treng det. Ikkje bruk olivenolje, ho er ikkje god å steike med. Lauken skal berre bli ein tanke mjuk og blank. Ha dette opp i kjelen saman med det andre.

La kjøtsausen koke inn, eller redusera seg om du vil, på låg varme. Når han har fått rett konsistens smakar du han til med salt, peppar og litt sukker.

Mens kjøtsausen kokar inn, lagar du ein kvit saus. Smelt smør, ha i mjøl, og la dette få litt varme før du tilsett mjølk litt og litt. Den kvite sausen skal mellom laga med kjøtsaus og pasta, så han må vere ganske tjukk, ellers kokar han berre ut og blir borte.

Nå kan du byrje med sjølve monteringa av retten.

Ta ei passeleg ildfast form og smør ho med smør. No skal du legge kjøtsaus, kvit saus og lasagneplåter lagvis. Start med kjøt, så pasta og eit lag med kvit saus. Som eg skreiv er det pastaen som er hovudretten, kjøtet skal berre has på som eit tynt lag. Med denne oppskrifta får du om lag tre lag. Avslutt helst med kvit saus om du har nok, om ikkje tek du kjøtsaus som siste lag. Du kan ikkje ha lasagne som øverste lag. Då vert han ikkje kokt, og kan ikkje etast.

Strø litt reven ost på toppen. Det spelar ikkje så stor rolle kva for ein ost du brukar, her kan du nytte rester av ost du har liggande. Steik retten på 180 gradar, midt i omn, i omlag ein halvtime. Server med ein god salat. Rista loff med godt smør er òg godt til.