Sjukt god pepparsaus

Ingredienser

25 stk Pepparkorn
100 gram Sjalottlauk
1 kvist Rosmarin
3 dl Fløyte
1 dl Konjakk
1 ts Sylta raude pepparkorn
1 ts Sylta grøne pepparkorn
50 gram Kaldt smør
Litt sukker


Til 4 personar

Framgangsmåte:

Start med å riste pepperkorna i ein god tjukkbunna kjel på middels varme. Rist jamnleg på kjelen og la dei få om lag 10 minutt. Så tek du ei sleiv eller ei skjei og knuser korna. Har du ein mortar bruker du sjølvsagt det. Dra kjelen til sides.

Ha så i grovkutta sjalottlauk, rosmarin og eit par spiseskjeier med nøytral olje. Steik lauken og rosmarinen på ikkje for høg varme til han har vorte blank. Slå så i halvparten av konjakken og tenn på. Det er viktig at det som er i kjelen er skikkeleg varmt når du gjer dette, det du ynskjer er at alkoholen skal fordampe slik at han tek fyr. Men vær rask, alkohol fordampar raskt. Vend pepper, grønsaker og urter rundt til flammane gjev seg. Om du ynskjer å avslutte flamberinga slår du i krafta, då slukker det med ein gong.

Flambering gjer noko med heilheten, smakane sett seg på ein heilt egen måte, men ynskjer du ikkje dette er det heilt greit å berre ha konjakk i saman med resten utan å brenne av.

Slå så i resten av konjakken, fløyten og la det heile få stå å putre på låg varme. Lenge. Gjerne opp mot ein time, men berre pass på at det ikkje kokar tørt. Det du ynskjer er at sausen skal koke inn slik at han får den tjukkelsen du er ute etter.

Sil sausen gjennom ein sil og ha han attende i kjelen. Ha i kaldt smør i terningar, smak han til med salt, peppar og litt sukker, og ha i sylta pepperkorn.

Passar perfekt til ein god biff, røykt svinekam eller eit godt stykke viltkjøt.

Vær forsiktig:

Flambering er ikkje ufarleg. Ha alltid eit lokk som høver til kjelen rett ved der du arbeider. Legg du det på kveler du flammane tvert. Har du eit skumapparat er det òg smart å sette dette fram. Flamma kan stå ganske høgt, så om det er kort avstand mellom kjelen og avtrekksvifta bør du passe på at ho ikkje trekker akkurat når du tenner på. Flammane kan sette fyr i vifta, og fett som sitt i filter og røyret. Ikkje la desse råda hindre deg i å teste flambering, men vær forsiktig og bruk hovudet. Flambering er noko du må kjenne at du er klar for, og ta dei rette forholdsreglane.