Quiche med bacon og roquefort

Ingredienser

Botnen:
300 gram Kveitemjøl
1 ts Salt
150 gram Smør
125 gram Kaldt vatten
Fyllet:
120 gram Lauk
1 stk Kvitlauksfedd
130 gram Bacon
100 gram Reven ost
50 gram Roquefort
2 stk Egg
2 dl Fløyte
Olje
Salt
Peppar
Reven muskat


Til 8 flotte jenter.

Framgangsmåte:

Ha mjøl og smør i ein bolle. Bruk fingrane og bland dei to slik at det ser ut som brødsmuler. Ha i vatten og bruk ei sleiv til å samle det heile til ein deig. Velt han ut på benken og kna han litt slik at han vert god og smidig. Pakk han inn i plast og legg han kjøleg i minst ein halvtime, gjerne lenger.

Når deigen har kvilt tek du han ut på eit lett mjøla bakebord og kjevlar han ut til ein leiv som er større enn paiforma du skal lage quichen i. Pass på å ha bittelitt mjøl på no og da slik at leiven ikkje setter seg fast. Du må arbeide ganske raskt sidan denne smørdeigen er lettast å arbeide med når han er kald. Rull leiven inn på kjevlet og legg han forsiktig over paiforma som du har satt inn med litt smør. Klem leiven forsiktig rundt kantane og ned mot botnen. Stikk nokre hol i leiven slik at lufta kjem ut under steiking.

Sett forma med leiven i frysaren i 20 minutt. Da stivnar han godt og vil ikkje så lett falle saman når han skal forsteikast. Har du ikkje frysar der du er, kan du kle forma forsiktig på innsida med litt aluminiumfolie og ha tørka erter eller ris oppi. Da må du sjølvsagt ta dette ut når fyllet skal i, noko som kan være litt meir innvikla når alt er varmt.

Sett omnen på 180 grader.

Medan leiven kviler i frysaren hakkar du lauk og kvitlauk fint, og blankar dei i ei god panne med litt olje. Bruk gjerne nokre dråper trøffelolje òg, om du har, det sett god smak på quichen. Ei slik flaske har du lenge, og kan brukast til mykje, som til dømes pizza.

Medan lauken blankar seg hakker du opp ein vårlauk og sett til sides. Skjær òg opp bacon.

Når lauken er blanka har du han i ei djup skål. Steik bacon i samme panna og ha han oppi med lauken. Bland godt.

Mål opp osten. Eg tykkjer ikkje dei norske kvitostane smakar så mykje, men bruker du roquefort gjer det ikkje noko. Det er roqueforten som speler hovudrolla av ostane. Om du ikkje vil ha roquefort er det mykje viktigare at den osten du nyttar faktisk smakar noko, då vil eg råde dykk til å nytte Comtè eller gruyere.

Bland fløyte og egg lett saman og ha i litt kvit peppar, bittelitt salt og nyreven muskat. Ha så osten oppi fløyteblandinga.

No tek du forma ut frå frysaren og sett han til forsteiking midt i omn i 10 minutt. Ta så forma med den forsteikte quichen ut, fordel lauk og bacon i botnen, slå over fløyteblandinga med ost, og strø vårlauk over. Sett forma tilbake i omn og steik vidare på 180 grader i 30 minutt.

Så er quichen ferdig. Ta han ut og la han avkjøle seg litt på rist. Server quichen med ein god salat, ein enkel sennepsdressing og gjerne eit glas med kvitvin. Som du sjølvsagt passar på å etterfylle. Det har jentene fortent.