Lynraske nudlar med skalldyr

Ingredienser

240 gram Tigerreker
300 gram Wokgrønsaker
100 gram Nudlar
1 dl Appelsinjuice
1/2 dl Soyasaus
50 gram Brunt sukker
25 gram Ingefær
1 fedd Kvitlauk


Til 2 personar

Framgangsmåte:

Sett vatten til koking med litt salt i.

Riv fersk ingefær på eit rivjern og klem safta i ein kjel. Fibrane kastar du. Ha soyasaus, appelsinjuice og sukker oppi kjelen og kok opp. I mellomtida riv du eit fedd kvitlauk på rivjernet og har det oppi kjelen. La dette få småkoke i 5-8 minutt, til det vert litt tjukkare. Da er woksausen klar.

Medan sausen koker inn tek du fram ei panne med høge kantar og har litt olje i botnen. Om du nyttar frosne tigerreker er det særs viktig at dei er heilt tint og tørka. Ellers vil dei byrje å koke, du ynskjer å steike dei.

Steik dei i panna på høg varme i eit par minutt på kvar side. Legg dei så til sides. Ha nudlar i det kokande vatnet. Dei treng om lag 5 minutt.

Ha i grønsakene i wokpanna og wok dei på høg varme. Kast jamnleg på panna. Når dei har får 2-3 minutt har du i woksausen. Vend grønsakene godt rundt i sausen.

Slå vatnet av nudlane og vær nøye med at dei får renne godt av. Ha dei så opp i panna med saus og grønsaker. Vend alt saman. Tilsett til slutt rekene og la dei få eit halvt minutt.

Legg nudlar, grønsaker og skaldyr på to tallerkenar. Ha over sesamfrø og eventuelt grovhakka koriander.

Server med ein gong.

Kommentar:

Tigerreker kallast feilaktig «scampi» av mange, fordi scampi er ein sjøkreps.

På grunn av store miljøutfordringar knytta til bruk av tigerreker bør forbruket av denne råvara begrensast. Sjå om pakninga har ASC sertifisering merke, som viser at miljøet er teken vare på under produksjon av råvara.