Lavosh

Ingredienser

350 gram Kveitemjøl
1 ts Salt
1 ss Smelta smør
1 ss Sesamolje
1 stk Eggekvite
2 stk Eggekviter
Sesamfrø


14 flatbrød

Lavosh er eit brød med røter i Russland, Tyrkia og Midt-Austen. Dei er herlege og sprø og gjer seg særs godt til eit ostefat, men kan og nyttast i staden for tradisjonelt flatbrød til ertersupe eller lapskaus.

Framgangsmåte:

Sett omnen på 200 gradar med varmluft.

Mål opp og bland alt det tørre slik at saltet vert jamnt fordelt. Ha i olje, smør, vatten og ei eggekvite. Dei to andre skal nyttast til pensling. Bruk ei sleiv og bland det saman. Når det byrjer å komme saman velter du deigen på benken og eltar alt saman med hendene. Elt til deigen er mjuk og elastisk, det tek om lag 5 minutt.

Rull deigen til ei lang pølse og del pølsa i 14 emner.

Kjevle emnene på ei lett mjøla bakebord så tunt som mogleg. Legg dei tunne leivene over på steikebrett som du har dekka med bakapapir.

Pisk saman dei to eggekvitene med ein visp, pensle brøda med eggekvite og strø over sesamfrø. Vær nøye med penslinga, då får du eit penare resultat.

Steik brøda i omnen i 14 minutt. Halvvegs snur du dei slik at dei vert stekt på båe sider. Gjer du ikkje dette kan dei bli mjuke.

Avkjøl dei på rist og lagre dei i ein lukka boks. Dei er sjølvsagt best nylaga, men dei er gode i fleire dagar.

Tips:

Om du ynskjer meir smak kan du ha eit finraspa fedd kvitlauk i eggekvitene du penslar med. Du kan òg strø over finhakka rosmarin som ein variasjon.

Kjelde:

Eg lærte å lage dette brødet av mi Russiske venninne Maria. Ho lærte meg òg å lage små Russiske pannekaker kalla blini, som eg snart kjem til å legge ut her på bloggen. Eg har fått lov til å legge oppskrifta hennar ut her.