Kyllingklubbar med couscous

Ingredienser

12 stk Kyllingklubber
Saus:
2 ss Soyasaus
100 gram Brunt sukker
3 ss Sherryeddik
2 dl Ketsjup
1 ss Harissa
1 ss Dijonsennep
1 ts Sesamolje
1 ss Olivenolje
5 dråper Worchesteshiresaus
Couscous:
250 gram Couscous
1 stk Paprika
100 gram Sukkererter
1 boks Bønemiks
2,5 dl Vatten (ca)


Til 4 personar

Framgangsmåte:

Skru omnen på 180 gradar.

Smør ei eldfast form med smør eller olje, legg kyllingklubbane i forma, salte og pepre og sett dei midt i omn. Opne omnen med jamne mellomrom og snu dei litt. Dei skal ha om lag 45 minutt i omn.

Kok opp vatten og mål opp cous cous. Ha couscousen i ein bolle som tåler varme og slå på vatten så det dekker gryna og litt til. Ha i ei klype salt og rør godt rundt. Dekk med plast og la dei stå og svelle.

Bland saman ingrediensane til BBQ sausen. Pass på at alt vert godt blanda. Harissa er ein afrikansk chilipasta med mykje smak. Har du ikkje denne kan du nytte fersk eller tørka chili, eller sambal oelek. Dette blandar du saman på nokre få minutt. Mot slutten av steiketida, sånn ein 15 minutt før dei er ferdige, har du BBQ sausen over klubbane og lar sausen få karamellisere seg rundt dei vidare i omn. Snu dei med jamne mellomrom.

Gjer litt lekser med ungane, rydd eller ta deg ein kaffi medan kyllingen steiker og cous cousen sveller.

Når det nærmar seg etetid deler du paprikaen i små firkantar, eventuelt tek du to med ulik farge slik at det vert meir dekorativt. Skyl sukkererter og del dei i mindre bitar. Bland desse med couscousen. Opne bønemiksen, skyl bønene godt og ha dei oppi med resten.

Ta ut kyllingen nokre minutt før servering og la han få kvile litt, pass på å vende han godt rundt i sausen.

Server 3 kyllingklubbar til kvar person saman med couscous. Har du lyst på ein salat i tillegg er det sjølvsagt godt òg.

Tips:

Om du vil kan du finhakke litt kvitlauk og ein sjalottlauk og blande dette med BBQ sausen. Sausen vert betre av det, men då kjem du til å lukte kvitlauk på jobb dagen etter, og ungane vil kanskje reagere på lauken. Men at det gjer sausen betre er det ikkje tvil om.