Heimelaga fiskekraft

Ingredienser

2 kg Fiskeavskjær
1 stor Lauk
1 stk Purre
2 fedd kvitlauk
1 liten Gulrot
5 stk Laurbærblad
20 stk Pepparkorn


3 liter ferdig kraft

Framgangsmåte:

Du kan nytte dei fleste sortar fisk til kraft, men dei vanlegaste er kvite fiskar som torsk, lyr osv. Nyttar du laks eller aure gjev det ei god kraft, men då vert krafta svak raudleg. Her nytta eg kveiteavskjær. Det gjev ei feit kraft, men eg tok vekk det meste av feittet når ho vart kald.

Skyll fiskehovud og avskjær slik at du får vekk slim og blodrestar. Er avskjæra store er det smart å dele dei i mindre bitar for å få maksimalt ut av dei på den korte tida dei er med i kraftkjelen. Legg dei i ein romsleg kjel og ha på vatten slik at det dekker.

Vask grønsakene og hakk dei i ganske små bitar. Ha dei i kjelen saman med fisken. Ha oppi peppar og laurbærblad og sett kjelen på koking.

Så fort det byrjer å koke vil det danna seg eit skum på toppen. Bruk ei ause og fjern skummet. Det er ikkje noko du ynskjer i den ferdige krafta. Skum av fleire gonger.

La krafta koke i 20 minutt og sil krafta. Om du lar fiskebeina koke lenger vil det bli limsmak på krafta, det er difor særs viktig at du ikkje kokar krafta lenger enn 20 minutt med fiskeavskjæret i.

Sil krafta 2 gonger gjennom ein finmaska sil og ha han attende i kjelen.

Kok den silte krafta til du har redusert væskemengda med om lag ein liter. Då har du kokt vekk ein del av vatnet og sit att med ei kraftigare kraft.

Kjøl ho ned og ha krafta i så store boksar som du ynskjer. Eg tykkjer boksar på ein liter er passeleg. Merk dei godt og frys dei ned.

Tips:

Om du har tid til det er det ein god idè å koke krafta meir ned slik at ho vert skikkeleg sterk på smak. Då har du mindre kraft, men du treng mindre kvar gong. Fyll krafta på isbitposer, så kan du berre klemme ut ein eller to bitar med kraft neste gong du treng det.

Nokre butikkar er vennleg innstilt om du ynskjer fiskeavskjær å koke kraft på. Det eg nytta her fekk eg gratis frå min faste butikk, så om ein er heldig kan ein få kraft som så og si er heilt gratis. Det aller beste, og mest morosame, er naturlegvis og fiske fisken sjøl.