Granskotolje

Ingredienser

Granskot
Olje


Framgangsmåte:

Du styrer sjøl kor mykje du vil lage, eg lagar rikeleg, for eg er veldig glad i vilt. I tillegg er ei lita flaske heimelaga granskotolje ei fin gåve til nokon du er glad i.

Ta ein tur i skogen og finn deg ei gran som ligg litt vekk frå sola. Då er sjansa større for at du finn dei små lekre skudda. Du kjenner dei att på at dei er lysegrøne, somme gonger nestan gule. Plukk med deg så mykje du treng og kom deg heim på kjøkenet så raskt som råd, dei blir raskt visne etter plukking. Bruk berre mjuke skot.

Legg skudda i ein bolle, slå på kaldt vatten, og sett bollen kjøleg i nokre timar. Du får du vatna dei godt ut, og all forureining forsvinn. Då drikk òg skudda vatten, og dei vert crispy og saftige. Slå av vatnet og gje skudda ein runde i salatslynga, eller la dei ligge nokre minutt på eit kjøkenhandkle. Det er viktig at det ikkje kjem mykje vatten med, for skudda skal ligge i olje.

Medan skudda tørker frå seg litt, tek du glas, flasker eller kva du no ynskjer å lagre olja på, og vaskar dei grundig. Legg dei i ein kjel, ha på vatten og kok det opp. Hugs å desinfisere lokk òg.

Ta dei opp med ei pølseklype eller liknande, slå ut alt vatten og la dei stå og dampe seg tørre.

Fyll dei med granskot, om lag 2/3 fulle, og slå så på ei nøytral olje. Eg nyttar raps eller solsikkeolje. Olivenolje er ikkje bra til dette, den har for kraftig smak. Fyll opp så mykje som råd med olje, luft er det du ynskjer minst av.

Skru att glasa, eller sett kork på flaskene, og lagre dei kjøleg. Snu dei gjerne nokre gongar av og til. Etterkvart som tida går vil sevja i granskota blande seg med olja, og sette smak på ho.

Olja er perfekt til å steike vilt i, men du kan sjølvsagt og nytte olja til dressingar.