Fransk lauksuppe

Ingredienser

500 gram Raudløk
1 stk Fedd kvitlauk
1 dl Tørr kvitvin
3 dl Kalvekraft
2 dl Vatten
40 gram Smør
1 stk Laurbærblad
1 stk Kvist timian
Worchestershiresaus
Salt og peppar
2 skiver Loff
Gruyere eller annan kvitost


Til 2 personar

Framgangsmåte:

Rens lauken og skjær dei i to. Del så halvdelane i strimlar. Knus kvitlauksfeddet. Det ser kanskje mykje ut, men lauk krymper svært mykje når det vert varmebehandla.

Varm ein god romsleg kjel og ha i smør og ein skvett olje. Når smøret har slutta å bruse, og byrjer å få ei svak bruning, har du lauken i gryta.
Har du lauken i før smøret er skikkeleg varmt vil det koke, ikkje steike.

La lauken steike på middels varme lenge, medan du rører forsiktig med jamne mellomrom. Du ynskjer ikkje at dette skal svi seg, men lauken må få ei skikkeleg bruning. For å få til det må lauken gjerne småputre opp mot 45 minutt.

Når lauken har vorte skikkeleg bruna slår du i kraft, vin, vatten og laurbærbladet. Har du ikkje vin går det heilt greit. No skal suppa få småputre ytterligare ein time. Har du tid til å la ho stå lenger vert ho bare betre. Pass på at all bruning i kjelen og langs kantar koker ut i suppa, her sit det mykje smak. Når suppa har kokt inn smakar du til suppa med salt og peppar.

Når du nærmar deg ei ferdig suppe setter du på omnen, for suppa skal gratinerast før du serverer ho.

Skjær ei skive kvitt brød som er mindre enn bollen du vil servere i og legg rikelege mengdar god kvitost på skiva. Skjær gjerne av skorpa slik at skiva er lettare å dele med skjeia når du skal ete suppa. Eg tykkjer Gruyere er heilt fenomenalt til lauksuppe, men vanleg kvit ost går òg bra.

Ha suppa i to skåler som tåler varme, legg skiva med ost på toppen, og gratiner dette i omn på 200 grader med grill. Pass på så det ikkje svir seg. Har omnen din eigen grill (salamander) er dette å foretrekke, det går mykje raskare. Suppa skal berre stå til osten har fått ein lekker farge, så følg med og ta ho ut når osten har fin farge.

Server suppa med noko godt å drikke, til dømes eit glas med øl eller kvitvin.

Tips:

Denne suppa kan gjerne lagast dagen før ho skal etast. Perfekt som ein liten forrett til viltlaget eller jentefesten.