Chili

Ingredienser

400 gram Kjøtdeig
1 stor Raudlauk
2 store Kvitlauksfedd
2 røde Chili
3 stk Tomater
1 boks Hermetisk tomat
1 dl Vatten
1 dl Raudvin
1 boks SW Chilibeans
1 boks Maiskorn
1 stk Lime
Tabasco


Til 4 personar.

Framgangsmåte:

Varm litt olje og ein smørklatt i ei panne. Når smøret er varmt, og nesten har slutta å bruse, legg du i kjøtdeigen. Steik han på båe sider før du byrjer å hakke han opp. Då vert han steikt, ikkje kokt.

Medan kjøtet klarar seg sjøl hakker du lauk, kvitlauk, ferske tomater og raud chili. Ta fram ein romsleg kjel, ha i litt olje som du varmar opp til litt over middels varme, og blank grønsakene i den varme olja.

Ha i hermetisk tomat, vatten og vin. Kok opp og la det heile småkoke vidare.

No har kjøtdeigen vorte varm, og ein del av fuktigheita har fordampa, så nok kan du hakke han opp i mindre bitar. Ha den hakka kjøtdeigen opp i gryta.

La det få koke i 10 minutter saman. Ynskjer du ris setter du på den no.

Ha i hermetiske maiskorn og SW chilibeans. Riv skalet av ein økologisk lime og ha det meste av skalet opp i gryta. La det koke 5 minutt.

Smak til med limesaft, tabasco, salt og peppar.

Server med godt brød eller ris om du ynskjer det. Eg lik chilien slik han er, med ein klatt rømme og ei kald øl.

Vel bekomme.

Tips:

Her nytter eg 2 chili. Eg lik det slik, men du kan nytte meir eller mindre. Ynskjer du å nytte urter anbefalar eg koriander til denne retten. Om du har nokre grønsaker som til dømes paprika eller lignande, som du må få brukt opp, kan du berre ha dei oppi. Dette er bondekost der ein nytter det ein har. Har du tid til å svi chili og tomat under grillen i omnen på førehand, før du hakker dei opp, vil det gjere retten mykje betre.