Byggrynssalat

Ingredienser

2 dl Byggryn
1 stk Grønsaksbuljong
2 dl Edamamebøner
1 boks Raude bøner
1 liten Raudlauk
1 stk Avokado
1 stk Lime
Dill


Til 4-5 personar.

Framgangsmåte:

Om du hugser på det er det lurt å legge gryna i vatten nokre timar. Har du gløymt det går det heilt fint, dei tek berre litt lengre tid å bli møre.

Ha gryna i ein kjel, slå på vatten så det er eit par centimeter over gryna, ha i buljongterningen og kok dei møre. Er dei blautlagde tek det om lag 8-10 minutt, er dei ikkje blautlagde må du rekne opp mot 20 minutt.

Medan gryna kokar skreller du og finhakkar ein raudlauk. Ha han i ein bolle og smak til med litt av safta frå ein lime. Er limen økologisk kan du òg nytte skalet, det sett veldig god smak. Del avokadoen og vend han saman med lauken og limen.

Skyl dei raude bønene godt i kaldt vatten og la dei renne av. Ha dei saman med resten.

Ta fram edamamebøner, eller soyabøner om du vil,  frå frysen og mål opp rett mengde. Når byggryna er kokt slår du av resten tå vatnet, har gryna tilbake i kjelen, og har edamamebønene oppi med dei varme gryna. Legg på eit lokk. Varmen frå dei nykokte gryna er akkurat nok til at bønene vert tint.

Nå kan du finhakke litt dill. Bland dillen saman med lauk og avokado. Vend gryn og bøner inn saman med grønsakene.

Smak til med peppar og eventuelt litt salt. Det er ikkje sikkert du treng det, for buljongen er ganske salt.

Server salaten saman med fisk og skalldyr, eller èt han slik han er. Her er det nemleg helse i kvar einaste munnfull.

Tips:

Du kan byte ut dill med ein annan urt, som til dømes timian, og gjere salaten perfekt som tilbehør til ein kjøtrett. Du kan og byte ut bøner med linser, du kan ha i fetaost, eller tilsette sprø grønsaker som selleri eller nøter om du vil ha meir crunch.

Dei aller fleste av oss får i oss for lite grønsaker og belgfruktar, og fedme er eit aukande problem. Det er bevist at eit auka inntak av desse råvarane reduserar sjansen for alvorlege sjukdommar som til dømes kreft. Sjølv har eg eit par dagar i veka der eg berre et frukt og grønt, og med sunne alternativ som dette er det ikkje noko problem. Snarare tvert om.