Brokkolisalat med fiken og bacon

Ingredienser

1 stk Økologisk brokkoli
1 stor Raudlauk
50 gram Fiken
50 gram Rosinar
50 gram Valnøtt
150 gram Bacon
Dressing:
200 gram Hellmans majones
1 ts Dijonsennep
2 ss Yoghurt
1 ts Bringebæreddik
Brokkolispirer


Til 4 personar.

Framgangsmåte:

Del brokkolien i små bukettar, så små at dei er behageleg å ete, og legg dei i kaldt vatten. Skyl dei godt slik at du får vekk alle moglege restar av jord, rusk og rask. Hugs og på å bruke stilken, han har ein herleg nøtteaktig smak, og er sprø og god. Skjær av skalet, og del han i passelege bitar.

Medan brokkolien ligg i vatten kan du varme ei god panne og sprøsteike baconet. Bruk gjerne dansk bacon, eller norsk tørrsalta. Avkjøl.

Bruk ei salatslynge og sentrifuger brokkolien godt slik at alt vatten er borte. Ha dei reine bukettane i ein stor bolle. Ha oppi den oppdelte stilken.

Bruk fiken av god kvalitet som er god å ete. Skjær vekk stilkfesta, grovhakk dei og ha dei oppi med brokkolien. Tilsett finhakka raudlauk, rosinar og valnøtt.

Bland saman ingrediensane til dressingen. Du kan ikkje nytte pølsesennep eller liknande, her er det kun ein sennep av god kvalitet som gjeld, for det gjer nemleg heile retten. Bruk helst Hellmanns majones, han er ikkje så søt og smakar mykje betre enn vanleg majones. Smak til dressingen med salt og peppar. Når du er nøgd har du han over grønsakene og blandar godt. Ha tilslutt i avkjølt bacon og vend det heile saman.

Om du ynskjer er det svært godt med nokre brokkolispirer som pynt. Godt brød smakar òg godt til dette.

Oppbevar salaten kjøleg, da held han seg i fleire dagar.

Tips:

Du kan variere mykje her. Du kan til dømes nytte kvitlauk, vårlauk og urter. Om du ynskjer salaten litt søtare kan du ha i eit eple eller ei pære. Lik du ikkje, eller tålar du ikkje nøtter, kan du ha i nokre heimelaga krutongar i staden.